Den manglande rekrutteringa til lærarutdanninga er ei nasjonal krise. 1275 studieplassar står ledige. Regjeringas svar på krisa er ein strategiplan for rekruttering, utan at innovasjon i utdanninga er nemnt i plandokumentet. Marknadsføringsstrategien er så langt meir av det som ikkje har hatt verknad. Når skal vi byrje å snakke sant om behovet for nye løysingar?
Tag: lærarstudent
Dette er grunnane til at du ikkje vil bli lærar – ein kritikk av styringsideologi og ei ukritisk norsk lærarutdanning
Ingen vil blir lærar lenger. Og ved nærare ettertanke synest eg ikkje at det er rart. No er det på tide at vi snakkar høgt om meir enn løna, KS og dei naive politikarane. Lærarutdanninga kan starte med å sjå inn i seg sjølv, og dele erfaring om alt det andre i skulekvardagen som bidreg til overlast, utbrentheit og demotivasjon.