Alle historiske epokar har sine “gruvearbeidarar”. Du veit; dei som i flokk vert sett til å hente ut ressursane som eit samfunns økonomi baserer seg på. Den flokken som byttar arbeidskrafta inn mot visse goder som sikrar eksistensgrunnlaget medan det einaste motkravet er at flokken ikkje skal tenkje, men arbeide.