Mange lærarar med lang erfaring har djup innsikt i det menneskelege. Kunnskap om vilkår for læring og livsglede, og kunnskap om mangfald og premissar for fellesskap. Ytring og erfaringsdeling er ein slik premiss. I Lærarloggen ynskjer eg å inviterer lærarar, studentar, foreldre til å tenkje med om skulelivet.
Om Trudi Henrydotter Eikrem
Eg starta å undervise i musikkskulen i 1988, og heldt fram med undervisning på mellom- og ungdomskuletrinnet til 2010. Eg har undervist i faga norsk, spansk, engelsk, symjing, samfunnsfag og KRLE med klassestyrarfunksjon. Eg leia eit større rusprosjekt ved Ulstein ungdomsskule over år, samt eit Erasmus-finansiert Europa-prosjekt. Eg har sidan 2010 undervist i samfunnsfag i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. I 2021 fekk eg undervisningsprisen ved Høgskulen i Volda.
For meir info og meir om prosjekta mine, sjå nettstaden Bachalhaubiblioteket.