Det instrumentalistiske mistaket nok ein gong?

Det har føregått eit ordskifte i Klassekampen om innhaldet i norske læreplanar og norsk skule. I avisa 13. november skriv Kim Helsvig og forskarkollegaer ved OsloMet, at kompetansemålbaserte læreplaner og læreplaner forankret i faglig innhold bygger på to helt forskjellige styringslogikker/…/ Gjennom å fokusere på kompetansemål er det/…/ eleven som blir objektet i klasserommet, ikke faginnholdet.

Forskarane si analyse er heilt i tråd med eiga praksiserfaring frå norsk grunnskule i åra frå 1988 til 2009. Nyare læreplanar har svake perspektiv på danning og progresjon, og det endrar oppfatninga av skulens formål og innhald. Ein danningsprosess startar med kunnskapsakkumulasjon – skal ein kunne tenkje, samanlikne og drøfte, må ein ha faktisk kunnskap å tenkje med. Kausalanalyser og drøftingar krev tilgang til faktiske opplysningar og internalisering av kunnskap. Det blir lite engelsk språk utan gloser, og lite avansert matematikk utan talforståing. Historiefaget har også sine byggjesteinar og det er naudsynt å ta ansvar for utval av tema. Parentesar kring sentrale historiske fenomen gjer oss sårbare for manipulering og innsikt i korleis val i dag er bundne av hendingar i fortida som også legg føringar på framtida. Innsikta klargjer korleis individet er aktør i samfunnet og så leis sentralt for utvikling av demokratiforståing.

Læreplanen fokuserer på sjølvstendig og kritisk tenking. Dette kan berre bli ei allmenn tilgjengeleg erfaring om undervisninga tek omsyn til barns føresetnadar for læring. Lærarens kunnskap og erfaring om tidsfastsetjing, progresjon, det å treffe rett tidspunkt i ein læreprosess er svakt reflektert i læreplanen. Reproduksjon av kunnskap er byrjinga på fagleg utvikling og grunnlaget for progresjon. Evolusjonen endrar seg ikkje takt med nye trendar, og akkumulering av kunnskap er ein føresetnad for å kunne anvende og vurdere. Den sjølvstendige og kritiske tenkinga kjem til elevar på ulike tidspunkt i læringsløpet som fylgje av eksponering for faglege tema satt inn i ein meiningsberande kontekst. Lærarar vart tidlegare gitt tillit og rom til å la born kome til erkjenningar i det tempoet dei meistra anten det gjaldt leseopplæring eller demokratiforståing. Det magiske ved dette var at barn erfarte toleranse, inkludering og rom for mangfald, som alle er sentrale demokratiske verdiar. Med endringane i LK06 vart målet eit anna; å kunne talfeste barns kompetanse og målbere denne i ein produktiv samfunnskontekst. Dette er å objektivere barn; det same instrumentalistiske mistaket som Hans Skjervheim åtvara mot på -70-talet. I ein slik skule blir barnet hudlaust – utan å kunne verne seg mot samfunnets verdisetjing av barnets manglar. Dette står i skarp kontrast til den gamle danningsskulen der faget var i fokus og barnet kunne forsvare si fåkunne ved å gjere temaet ubetydeleg i eige liv og gjennom det oppretthalde sjølvrespekt og verdigheit.

Eg foreslår at vi gjeninnfører danningsomgrepet, og med det anerkjenner fagleg fokus som det grunnleggande underlaget i den moderne norske skule.  

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top