Den manglande rekrutteringa til lærarutdanninga er ei nasjonal krise. 1275 studieplassar står ledige. Regjeringas svar på krisa er ein strategiplan for rekruttering, utan at innovasjon i utdanninga er nemnt i plandokumentet. Marknadsføringsstrategien er så langt meir av det som ikkje har hatt verknad. Når skal vi byrje å snakke sant om behovet for nye løysingar?
DUGNADSÅND OG GOD INFORMASJON
Høgare løn, betra arbeidsmiljø, og oppfølging etter endt utdanning er skisserte tiltak i regjeringas rekrutteringsannonse. Nedskriving av lån, og skilnaden ein kan gjere for andre er i fokus. Ansvarsområde for tiltak blir delt mellom ulike aktørar i samfunnet, og oppgåva med å gi god informasjon om lærarutdanningane og læraryrket er lagt til overordna nivå. Kva er god informasjon? Tiltaka oppsummerer omfanget av krisa med med capslocken på. Ingen som sjølv har vore del av norsk skule trur for alvor at det er dette som skal gi lærarlivskvalitet.
EI ANNLEIS ANNONSE
I søknaden etter studentar treng regjeringa ei annleis annonse. Etter 13 år i norsk skule har ungdom rikeleg erfaring med bråk, medelevars manglande sjølvdisiplin, mangel på undervisning om relevante tema, manglande variasjon i didaktiske tilnærmingar, kvalitet i undervisning, deautorisering av leiarar, grader av prestasjonspress, mangel på trening i meiningsbryting, konfliktvegring eller utagering, taktisk karaktergjeving, uforståeleg vurdering, mangel på kollektive rettningslinjer, utilstrekkeleg grunnlagskunnskap om kognisjon og empati, osb. Annonsen må vise til denne nye konteksten og spørje den framtidige student om hen vil vere med å finne løysingane. Det må stå i annonsen at lærarutdanningane søkjer eit utforskande samarbeid og dialog med studenten om korleis legge grunnlaget for utvikling av lærarlivskvalitet. Skriv i annonsen at studien skal gi perspektiv på prosessar og vekst som er like gyldige for studenten sjølv, som for den framtidige elev. Lat det stå i annonsen at lærarutdanning er det næraste du kjem eit konsept som liknar Kompani Lauritzen – du lærer sjølvdisiplin, studieteknikk, utviklar læringsregister, og gjennom mengder av krevjande øvingar får du høve til å utvikle ein verdfull praksis FØR du forlet oss! Du skal få simuleringssituasjonar og problembaserte oppgåver å løyse på campus, og du skal jamleg bli testa på disiplinkunnskap, ettersom god formidling er forenkling av komplekse saksforhold. Å utdanne seg til lærar skal vere utfordrande, krevjande, sjølvutviklande og motiverande. At utdanning og studiar bringer vekst og rikdom inn i eit liv er inga sjølvfølgje for dei unge vaksne som er sosialiserte inn i eit samfunn med instrumentell tilnærming til kunnskap.
Innovasjon i sanntid og fortid – læraren som kunnskapsentreprenør?
Sjå til Finland i sanntid eller til Møre i fortid. Gi studentar med pasjon for formidling og undervisning mengdetrening retta mot utvikling av ferdigheiter. Sjå bakover til det innovative eksportmiljøet på Møre prega av praktisk eksperimentering i eit samfunn med avgrensa tilgang til utdanning. Skal ein få til endring må eksperimentering til. Innovasjon er ein langvarig og kollektiv prosess, og svært få innovasjonar skuldast vitskapleg oppdaging eller kjem frå forsking og utvikling, skriv historikaren Kristine Bruland (2022). Det handlar om å utvikle allereie eksisterande løysingar, og vi søkjer med nye ord kunnskapsentreprenørar.
Innovasjon i høgare utdanning – ei institusjonell utfordring
Eksperimentering kostar – ikkje nødvendigvis i kroner og øre, men i vilje til å flytte fokus – prøve ein annan inngang – eit anna perspektiv. Nytenking utfordrar revir i utdanningsinstitusjonane, og stiller spørsmål ved tradisjonar som gir opphav til identitetar. Eit kollegium skal vere mangfaldig og anerkjenne konflikter som ei viktig drivkraft for utvikling, og konfliktløysing burde derfor høyre til grunnkompetansen gitt i lærarutdanninga. Kommunikasjonskunnskap burde vere like sjølvsagt, ettersom kommuniktative ferdigheiter er ein føresetnad for konstruktive samarbeid og eit godt, langt og verdig lærarliv.
Ei eksperimentell og utforskande lærarutdanning
Kvifor er det ikkje stilt klare krav til fornying i lærarutdanningane? Kvifor bidreg ikkje minister og departement til å opne utdanningane i retning av å bli meir eksperimentelle og øvingsretta? Ved Høgskulen i Volda har journalistutdanninga i 50 år sendt frå seg profesjonsutøvarar som knapt treng mentorar når dei kjem ut i arbeidsmarknaden. Journaliststudentane mengdetrener på campus og utviklar sin profesjonspraksis før dei forlet institusjonen. Lærarutdanninga kan låne erfaringane og drive eksperimentelt innanfor sine etablerte aktivitetar. Perspektiv på innovasjon burde ha større resonans i institusjonar og departement som med dagens tilstandsrapport for utdanningane forgjeves sukrar annonsene etter lærarstudentar.