Ingen vil blir lærar lenger. Og ved nærare ettertanke synest eg ikkje at det er rart. No er det på tide at vi snakkar høgt om meir enn løna, KS og dei naive politikarane. Lærarutdanninga kan starte med å sjå inn i seg sjølv, og dele erfaring om alt det andre i skulekvardagen som bidreg til overlast, utbrentheit og demotivasjon.
FRÅ ELEV TIL LÆRARSTUDENT?
Ingen vil bli lærar i dette landet lenger. Er det så vanskeleg å forstå? La oss starte med utgangspunktet. Framtidige lærarstudentar har bagasje med inn i lærarutdanninga. Tretten år i ein skule med testing og fokus på prestasjonar i klasserom fylt av redde, slitne, stressa og utagerande menneske. Tretten år i ein skule eksponert for lærarar med svært ulik tilnærming til menneske og undervinisngpraksis. Tretten år i ein skule styrt av ein produktivitetslogikk som skaper sjefar og ikkje leiing. Dette skaper ein særskilt dynamikk som får følgjer for elevar, og for noverande og framtidige lærarar.
LUREMUS
Den ujamne kvaliteten i arbeidet til norske lærarar heng saman med ei lærarutdanning som har hatt låg vilje til å fornye seg. Stagnasjonen vitnar om ein introvert og imuplsfattig sektor som har domestisert tilnærminga til kunnskap, og tviheld på retten til å definere innhaldet og dermed behova til norske lærarar. I dag treng profesjonsutøvarane langt meir enn kunnskapsoversikt. Bearbeiding og vurdering av informasjon er viktigare enn før, og bortfall av fagfellevurderte lærebøker som med sine autoritative framstillingar blir framstilt som eit gode i lys av vår tids mantra og nye og største luremus: fridom! Oppheving av fagfellevurderte lærebøker handla om marknad og konkurranse og argumentet om lærarens fridom var skyfla framom for å få gjennomslag og skape legitimitet til denne politisk-ideologiske viljen. Ordninga har spist av lærarane si dyrekjøpte og tilmålte tid i arbeidet med å kvalitetsvurdere mykje av sarvet som er i omløp. Føresetnaden for å gjere slike kritiske vurderingar må oppøvast – systematisk øving startar i norsk lærarutdanning – skjer det?
NAVIGASJONSKUNNA
I arbeidet med å sikre lærestoffet og lage undervisningsopplegg har læraren mange omsyn å ta. I eit samfunn der medborgarskap har blitt synonymt med opprop om krenking har det å vere midt i blant det menneskelege mangfald blitt eit farleg farvatn. Den som kjenner seg mobba er det, per definisjon – og utan objektive kriterie, eller i det minste eit mangfald av omgrep som reflekterer alvorlegheitsgrad, er det ikkje muleg å navigere. Barn har ikkje lenger eit språk for menneskets mørke sider, og erting, plaging, fanteri, skurkestrekar, bøller og dritungar, er for lengst nedlagte omgrep. Overgrep, krenking og mobbing er det vi i språket står att med. Mangelen på desse nyansane er til skade for barn – det er farleg, det tilslører livets mangfaldige realitetar, som at menneske har konstruktive og destruktive krefter som det ikkje alltid er like godt å tøyle. Med utfasing av nyansane står vi att med mobbing som det eine, og omgrepet vart i 2017 knytt til lovverket og paragraf 9A. Tenkte nokon på å gi lærarar og skuleleiarar øving i konflikthandtering før språket vart nedlagt etterfulgt av paragrafar? I kva grad reflekterer utdanninga behovet for å drøfte ny-ordningane? Enn sei politikarar som med brask og bravour la grunnlaget for endringane med dei beste intensjonar om å skaffe seg politisk oppslutning.
NÅR SKAL VI SNAKKE OM FYLGJENE AV MANGELEN PÅ LEIING?
Dei nyutdanna lærarane skal inn i skulen å rydde seg ein kvardag til å leve med. Blant barn med mange utfordringar og foreldre som kanskje har enno fleire. Skulen er ein organisme som har ein egalitær struktur – du gjer ikkje karriere som lærar. Du kan i høgda få foreldre si anerkjenning, og kanskje også noko frå dei av kollegaane dine som ikkje let seg drive av misunning. Den største utfordringa er likevel at leiinga er forma av nyliberal ideologi – og tek rolla som sjef i motsetning til den gong då rektor var den fremste blant sine like. I ein egalitær kultur treng ein nettopp leiing. Leiing er inkludering. Leiing er basert på fellesskap, fagleg jambyrdigheit og støttande kollektiv. Leiing blir gjennomført av den som har kollektivets tillit. Leiarar legg til rette for danning, sjefar fokuserer på produktivitet.
DANNINGSIDEOLOGI VERSUS PRODUKTIVITETSLOGIKK
I skulen var målet danning – som i siste instans betydde at skulen si gjerning var å gjere samfunn og individ siviliserte gjennom opplysning. Unge skulle bli gagns menneske – i motsetning til i dag då det handlar om unges kompetanse. Omgrepsbruken avslører paradigmeskiftet; unge skal inngå i produktivitetsmaskineriet som skaper økonomisk vekst i kontrast til menneskeleg vekst. Produktivitetslogikken har fortrengt danningsideologien – lærarar skal produsere vekst, og lærarar blir målt på prestasjon på same måte som elevane. Sjefane i skulen blir også målt av overordna sjefar, og rapporterer oppover og vil ha ryggen fri, slik som lærarane – og skulen blir deretter. Den tyngste børa i dette systemet ber elevane. Som skal prestere etter press og stress som lærarane signaliserer medvite og umedvite – som skaper angst i foreldre – som sjølve bidreg til å presse sine eigne barn. Som på ulike måtar bryt saman og får utdelt diagnoser og medisinar slik at alle vi som skulle vere vaksne og verne dette barnet, kan fråskrive oss ansvaret ved å legge det på barnet sjølv. Vi har alle ryggen fri. Bortsett frå barnet.
SAMFUNNSKRITISK PERSPEKTIV
Desse problemstillingane må løftast fram i lærarutdanninga. Det er sjølvsagt krevjande i ein konsensusorientert norsk tradisjon. Men det er feigt å ikkje drøfte den nyliberale styringa og konsekvensane av den. Det er feigt å ikkje drøfte legemiddelindsutriens og ekspertregimets injisering av droger for å forhindre barn i å protestere mot overprøvinga av sin eigen natur. Det er feigt av politikarar å ikkje lytte og legge til rette for at skulen, som bør ha større autoritet enn mange frå det eksterne ekspertveldet, kan løyse eigne utfordringar. Det er feigt å ikkje stå opp for lærarar og foreldres evne og rett til å hjelpe eit barn i rammene av sunn fornuft. Vi må snakke om legitimiteten til dei som uttalar seg kunnig om barn. Vi må snakke om konteksten som problemstillingar blir drøfta i, og kven som blir gitt legitimitet til å foreslå løysingane.
EIN UTVIDA DAGSORDEN
Unge vaksne har observert og erfart alt dette – som deltakande i det norske skulesystemet; rapporteringsregimet, ansvarsfråskrivinga, nauda hjå sine unge medmenneske utbasunert i eit overdrive fokus og ekstremt presist språk om psykisk liding – omgrep som reflekterer den nyliberale pulveriseringa av det kollektive, eit depolitisert samfunn der makta er overført til marknadskreftene– der det som skulle vere politikkens ansvarsområde no er blitt den einskildes eige ansvar. I si perverterte form blir alt ansvar komprimert og pålagt den som ikkje er i stand til å riste det av seg. Dei yngste. Dei minste. Dei mest sårbare. Så får vi det samfunnet vi skaper. Nokre trudde at vekst kunne produserast, trass i kunnskap om vilkår for læring, vilkår for vekst, og evolusjonens lange andedrag. Dette er erfaringsgrunnlaget til norsk ungdom. Dei same ungdomane som politikarar no riv seg i håret over fordi dei ikkje vil bli lærarar. Læring handlar om varig endring av oppleving og åtferd som følge av erfaring. Norsk ungdom har lært at dei ikkje skal bli lærarar. Og då har vi ikkje ein gong nemnt KS og løna.
I lærarutdanninga treng vi ein ny og utvida dagsorden! Å vere modig har alltid vore ein nødvendig kvalitet for ein lærar. No er det på tide at dette vert reflektert også i utdanninga.