Lærarlivskvalitet

Alle historiske epokar har sine “gruvearbeidarar”. Du veit; dei som i flokk vert sett til å hente ut ressursane som eit samfunns økonomi baserer seg på. Den flokken som byttar arbeidskrafta inn mot visse goder som sikrar eksistensgrunnlaget medan det einaste motkravet er at flokken ikkje skal tenkje, men arbeide. I antikken heitte det slavar, i ei industriell verd heitte det proletariat og i den nyliberale konteksten heiter det lærar.

– Lærarlivskvalitet. Har aldri høyrt om det, sa ein kollega av meg. Nei – det hadde i grunnen ikkje eg heller før omgrepet ramla ut av munnen under ei kollegial samling denne dagen. Temaet til debatt var korleis vi skal utvikle samarbeid mellom lærarutdanninga ved Høgsulen i Volda og regionale skular slik at vi saman skal kunne få tak i og dele innsikt frå erfaring. Å få til eit vertikalt samspel mellom utdanningsnivåa er på høg tid, for det er vel lenge sidan det var slik at kunnskapen vi alle treng kom “ovanfrå”. Etter 25 år som lærar i grunnskulen har eg mange gongar gjespa meg gjennom påtvungne «forelesingar» på planleggingsdagar der forskarar og andre med språkmakt har “gitt oss” ny kunnskap for å opne våre “blindspots”. Gjespet handla ofte om at eg vart “opplyst” om fenomen som eg kjende så uendeleg godt frå før – kanskje langt betre enn forskaren – og slik bidrog ikkje den godt planlagde planleggingsdagen til ny innsikt – slik eg hadde forventning om. Som lærar hadde eg sjeldan tid eller høve til å snakke om mitt skuleliv. Dessutan var det sjeldan eg møtte nokon som var interesserte i å høyre. I ettertid ser eg sjølvsagt poenget. Forskarens språk kunne ha gitt meg det verktyet eg trengte for å reflektere strukturert og systematisk kring mi eiga undervisning. Men med våre arbeidsvilkår ville det ha hatt lite for seg.

GRUVEARBEIDAREN

Eg har tenkt mykje på det å vere lærar. I ei analog verd og i ei digital. I ein politisk kontekst og i ein nyliberal. Den analoge og politiske fell saman i tid. Den nyliberale og den digitale også. I den politiske verda var læraren tilgodesett med tillit. Vi underviste fram til klokka 14 og deretter var arbeidstida ubunden. For meg betydde den ubundne tida høve til å reflektere over arbeidet mitt, og høve til å lese og planlegge nye økter. Det ga meg også høve til å trekke pusten slik at eg hadde ork til lesing og etterarbeid om kvelden. Eg las aviser, fulgte med på nyhende, såg filmar, og las litteratur. I tillegg tok eg del i samfunnslivet lokalt, i arbeid som frivilleg og bidrog til oppseding også utanfor klasseromet. Tida mellom arbeidsøktene utnytta eg til aktivt å forvalte verdiar eg representerte og som utdanninga eg hadde skaffa meg viste meg inn i. Ei utdanning som hadde lært meg at kunnskap var vegen til danning og eit sivilisert samfunn. Ei utdanning som likna den mange av våre politikarar også hadde. Vi hadde ei felles referanse til verdien av utdanning og det overordna målet med denne som var danning. Derfor fekk lærarane gå heim klokka to, med tillit til at vi sjølve kunne forvalte våre ressursar til samfunnets beste. Så snudde det. Læraren vart brått vår tids gruvearbeidar.

SJAKTA

Eg kan framleis hugse opplevinga av det absurde. Fyrst vart lærarrådet oppløyst. Kollegiet som hadde makt til å nøytralisere ein galen rektors ville eller veike innskytelse i lærar- og skulelivet. Brått vart ein særleg viktig institusjon avvikla. Lærarrådet var eit kollegialt diskusjonsforum som hadde ei særs oppdragande og stimulerande effekt. Lærarane var delaktige i grunngjevingane for den pedagogiske drifta ved einkvar skule, og lærarane vart stimulert til og utfordra til å tenkje sjølvstendig og ta del i debatten. Ved avviklinga vart læraranes stemmer uviktige – og lærarrådet vart til personalforum der vi drøfta om mjølkartongane skulle brettast til høgre eller venstre. Skulle dei leggast i bosdunk eller i sekk. Stupid og umyndiggjerande. Den privatpraktiserande lærararen vart fordømt, utskjelt og latterlegjort, og skulle utfasast. No skulle vi i dette landet ha lærarar som underkasta seg kollegarettleiing og få bonus for å velvilleg underkaste seg nye pedagogiske idear. Eg var ung. Eg såg fallet i vaksne kvinner og menn som hadde tatt utdanning i ei tid der det var strenge opptakskrav til lærarutdanninga. Folk som gjennom eit langt liv hadde gjort læraryrket til ein livsstil – og som sjeldan etablerte steng mellom private interessefelt og det som kunne trekkast inn i klasseromet. Eg såg frustrasjonane. Og sorga over den tapte tilliten. Kvar kom den frå?

STYRINGSDEMONANE

Nett som vindane får retning som fylgje av jordas dreining kring sin eigen akse fekk den ny-liberale retninga gjennomslag også til venstre. Ei retning som sjølv det kongelege norske arbeidarparti tok til seg. NPM. Far min, industriarbeidar og gamal arbeidarpatimann hadde snudd seg i grava om han kunne. Arbeidsfolk som kjempa seg til stemmer i det politiske landskap til felles beste for oss alle. Som bidrog til at sånne som meg vaks opp i eit politisk landskap. Eg hugsar godt det djupe inntrykket rektor-eineveldet gjorde. Rektor stod ved arbeidsbordet mitt og kravde at eg skulle summere arbeidstida mi på eit skjema. Alt skulle registrerast, men summen skulle bli lik null. Eg nekta. Eg sa som sant var: det blir ikkje null! Det blir minus i min favør. – det vil eg føre. Han sa nei. Det får du ikkje lov til. Eg svara at det var konsekvensen av eit slikt system. Eg kan ikkje skilje livet mitt frå gjerningane! Den eineveldige kongen klubba til skjemaet med sin eineveldige peikefinger og sa at eg skulle skrive null – her! Det gjorde eg aldri. Han førte det på sjølv før det vart levert til skulekontoret. Så gløymer eg dette aldri. Mistilliten. Kravet om å måtte dokumentere at eg elska arbeidet mitt og ungane eg var sett til å tene. Det var uverdig. Det var framandt. Det var demotiverande. Eg vart sint, frustrert og uvilleg. Til sist forlet eg dette habitatet som eg elska, og som eg for det meste tente med godheit og kjærleik. Eg hadde mist definisjonsmakt og retten til å utøve arbeidet mitt i tråd med verdiar eg representerte, i tråd med mitt eige intellekt, i tråd med mine kognitive førersetnadar. Eg skulle utøve arbeidet mitt i rammene av styring, talet på timar, talet på testar, type testar, og eg skulle gå i takt med dei eg jobba saman med. Og rektor var dette gruvekorpsets tamburmajor. Når han bles i fløyta skulle vi spele. At eg hadde ei akademisk utdanning og andre føresetnadar som eg la til grunn for utøving av arbeid spela bokstavleg talt inga rolle i dette korpset her. Til sist vart eg trøytt av å kjempe åleine om retten til å tenkje sjølv. Det var heller ingen å dele tankar med. For dei andre hadde også gitt opp. Dagane som før slutta klokka to var alle gjort om til dagar som slutta klokka fire. Tenketida mi var altså uansett brukt opp. Tida fram til klokka fire var styrt til “samarbeid”. Eigenrefleksjonen drukna. Eg vart dømt til å la tankane mine bli styrte av fokuset som kom ovanfrå, eller fokuset til dei andre. Det var ikkje likt mitt. Slik vart eg sakte kvalt i mitt eige oppkast. Eg vart sjølvsagt sjuk. Til sist slutta eg.

SYSTEMISK PARANOIA

Arbeidsgjevarar og styremakta er til det paranoide opptekne av etterutdanning og heng framleis igjen i den analoge røynda der lærarar må studere og reprodusere andre sin kunnskap. Det er tull. Lærarar treng å arbeide med utvikling av eit språk som gjer det muleg å observere og strukturere sine eigne erfaringar slik at erfaringane kan delast med kollegaer og oss andre som driv forsking. Lærarar har enorme mengder taus kunnskap som aldri blir bearbeidde og kan derfor heller ikkje delast, lånast ut, eller korte erfaringsruta for nye og yngre lærarar. Mangel på slik bearbeiding gjer at det årleg døyr ut opp til fleire eksemplar av ei snart svært sjeldan rase; dei som har jobba som lærarar i førti kanskje femti år. Kompetansen dei har utvikla om det å vere menneske i ein læringssitusjon, om kognitiv utvikling, progresjon og læringsprosessar, døyr med den avskorne tunga som styremaktene aldri tok seg bryet med å reflektere rundt verdien av før dei skar ho av. Kva tenkjer desse historiebevisstlause depolitiserte aktørane i norsk politikk om grunnen til at nettopp lærarane var sentrale i motstanden mot nazismen under krigen? Kanskje var det “halvdagsarbeid” , lediggangen og latskapen som gjorde dei reflekterte?

Min spådom er at det i framtida kjem til å bli langt mellom lærarar med livslang erfaring om det lærande menneske. Slutt å sende lærarkorpset ned i sjaktene med tvungne «kompetansehevingskurs» i matematikk eller kva pokker det kan dreie seg. Hald dei over bakken, i dagslys, og legg til rette for at lærarane får arbeide med utvikling av forskingskompetanse som gjer at dei kan strukturere sine eigne erfaringar. Bruk pengar på å gi lærarar pusterom i lærarlivet som gir dei høve til å fordjupe seg og reflektere over innestengt oppdragar- og danningsinnsikt og den menneskekunnskapen dei har. Den er allmenn og universell og tungt forankra i vår kultur. Det er lærarane som klarast ser eit samfunns verkelege verdiar. Lærarane møter verdiane slik barn konverterer verdigrunnlaget frå vaksne. Lærarar møter verdiane slik styremaktene klargjer i læreplanar og styringsdokument. Vi må få lærarane i tale slik at dei kan få synleggjort den kunnskapen dei faktisk har. Om dei som styrer. Dei som styrer lærarane. Og det som styrer borna. Å gi lærarane synet tilbake kan bli riktig ubehageleg på kort sikt. I mi forestillingsverd vil det krevje at det mellom anna vert lagt til rette for at lærarar skal kunne ta eit “sabbatsår” med jamne mellomrom. For å studere det dei har lyst til og behov for. For, som vi veit, alle vi som fekk gleda av å bli undervist i danningsparadigmet, så vil studiar på slike premissar gi rom for refleksjon. Refleksjon som flyttar mennesket bak lærarrolla. Lenger inn i sivilisasjonen. Nærare kjærleiken. Til livet og kunnskapen – som for så vidt er to sider av det same i danningsprosjektet. Gjennom dette vil læraren destillere det blikket på samfunnet som samfunnet treng. Den kritiske røysta forankra i den sjølvstendige stemma. Som i forlenginga gjer læraren til autoriteten som borna treng at lærarar er. Og også samfunnet.

RESPIRATOR

Ikkje som i dag; der læraren trekker pusten måndag kl 0800 og slepp den (kanskje) ut att fredag. 26 undervisningstimar på rappen, med førebuing, foreldrekontakt, ppt, bup, primærhelseteneste, IOP, livsmeistringsfag, prøver, vurdering og skjenn for alt du ikkje rakk. Kvar vart det plass til den langsame refleksjonen? I kladdeboka som har beredskap på nattbordet for at du skal kunne skrive ned det du veit vil rive deg ut av somnen midtnatters, kanskje? Kva er det for slags lærarsyn dette samfunnet har omgitt seg med? Kva er det slags barnesyn! Brikker i eit økonomisk konsept der omgrep som produktivt, robust, kunnskapssamfunn fyller lufta som svevestøvet i Bergen midtvinters. For ein skammeleg måte å forvalte 200 års undervisningserfaring på. I lønsskriket til lærarar ligg det mykje akkumulert smerte og sinne som er kopla til kjerna i problemet: mangelen på lærarlivskvalitet. Lærarlivskvaliteten som skal sørge for at lærarar held fram med å vere lærarar eit heilt liv. Bak lønskravet ligg det eit desperat rop om hjelp. Eit rop om pengar til respirator. Løna skal kompensere for manglande lærarlivskvalitet. Eg vil snu på det og be lærarane om å krevje det dei treng: lærarlivskvalitet. Fri tid til eigenrefleksjon, til etterutdanning på eigne premissar, når behovet oppstår. Legar har dette. Pålagt studietid. Ikkje ein studiedag i året, ikkje ein og annan time i løpet av ei veke. Å tenkje krev tilgang til samanhengande langsam tid. Eg veit dette. Eg har vore lærar i ein mannsalder. Eg har sett det. Synet er allment, universelt.

TRETTI SØLVPENGAR FØR SOM NO

Og derfor; Utdanningsforbundet: høgare lønn gir ikkje lærarar lærarlivskvalitet i seg sjølv. På den andre side: vi hugsar alle Helga Hjetland som triumferande vifta med det kvite papiret som ein annan Chamberlain – vi skulle endeleg få meir løn! Med bittelita skrift stod det nederst at det var på vilkår av at vi sa ja til ein ekstra undervisningstime i veka. Med andre – den gong som i dag; vi måtte sjølve finansiere vår eiga lønsauke. Judaskyss. Sånn sett er det fint at lærarane protesterer – denne gongen. Utan at det vil hjelpe nemneverdig. På det eigentlege problemet. Som vil koste langt meir å reparere. Den delaktige, sjølvstendig tenkjande lærararen som framleis er i stand til å kritisere det samfunnet som gir han mandatet. Gi lærarane den tida som trengst for at ho skal kunne bearbeide og strukturere kunnskapane sine og det vil koste koste staten store pengar. Men fyrst når vi tek ansvar for å gjere nettopp det vil vi nærme oss kvaliteten i den skulen vi ynskjer oss. Den gode skulen; Ikkje fyrst og fremst ein skule som skal gjere barn til framtidige brikker i eit produksjonssystem, men fordi vi skal bli myndige borgarar i eit mangfaldig samfunn som er godt for alle som lever sine eineståande liv her. Gjennom dette skaper vi eit produktivt samfunn.

SKULE FOR LIVET

Vil de ha ein betre skule? Så legg til rette for at erfaringane ikkje døyr ut. Nokon riv seg i håret og lurer på kvifor unge ikkje vil inn i jobben. Fordi dei er smarte. Dei ser strevet. Mangelen på meining. Dei ser dei høge skuldrane og mangelen på tankerom. Gi ungdomane ei betre lærarutdanning, gi dei betre yrkesrammer. Så skal eg fortelje dei om bonusen i læraryrket. Den verkelege bonusen. Den som kjem som ein følgje av møtet med andre menneske som tvinger meg til å sjå innover i meg sjølv – i blikket til den andre vart eg tvungen til å sjå meg sjølv – på godt og vondt. Og etter kvart som eg vart vaksen lærte eg å akseptere mine feil, og feilvurderingar – mi utilstrekkelegheit, men eg fekk også høve til å bli eit menneske som lærte at kjærleik kan veljast. Det handlar om kvar du plasserer blikket. Eg lærte kva det vil seie å vere eit menneske. Eg lærte å elske livet og verda fordi ungane lærte meg kva livet handla om. Om viljen til å elske. Om vilje til disiplin, Om evnen til å leike. Om evnen til nyfikne. I dette lærte eg å forhalde meg til livet som ein stad der vi skaper. Ein stad for vekst. For rørsle. Den gode viljen. Dei gode relasjonane – og der dette finst opnar det seg også ein svolt for læring og danning – som gjer oss alle i stand til å lære korleis vi kan forvalte våre eigenskapar til det beste for ein sjølv og andre, og ta del i ein fellesskap. Eg har ein eigen verdi. Eg er verdig. Eg elskar og blir elska. For dette er menneskets grunnlagsproblem seier sosialpsykologen Erich Fromm: angst for einsemd. Som lærar kan eg møte denne angsten i meg sjølv og i andre og vite korleis eg bidrar til utvikling av fellesskap og læring. Ei betre verd skaper seg ikkje sjølv – vi skaper den fordi vi vil.

UT MED SPRÅKET!

Utan språk til å tenkje med blir det vanskeleg med faglege og filosofiske diskusjonar. Slik blir lærarane nyttige reiskap for styring – for ingen som jobbar ved samlebandet opponerer. Ingen som arbeidar i gruvene ropar. Det gir ikkje meining. Lærarane er vår tids gruvearbeidarar – utan ein gong å kunne dele den fellesskapen som gruvearbeidarar og andre industriarbeidarar ein gong kunne lene seg inn i. I det politiske samfunnet var einsemda mindre. Politikk utløyste solidaritet som skapte fellesskap. I vår nyliberale tid er samfunnet depolitisert og med det dehumanisert. Kvar gruvearbeidar har fått si eiga sjakt og må grave i einsemd. Med utfasing av fellesskapen, nedbygging av danningsprosjektet og avvikling av tenketid blir det lite sjølvstendig intellektuell kraft att. Det passar nok styringskreftene i dagens samfunn. Det er snart ingen att til å kritisere robotiseringa og ny-proletariseringa.

LÆRAREN OG SKAPARVERKEN

Eit sivilsert samfunn kjem ikkje av seg sjølv. Mennesket er ikkje fødd sivilisert, det må dannast. Jesus påtok seg eit spektakulært siviliseringsprosjekt og betalte for det. Han skjøna korleis han skulle stimulere vårt kognitive potensiale ved å mobilisere våre emosjonelle responsar, og slik skape ei betre verd. Ein visjonær pedagog. Også. Utan samanlikning for øvrig så er det dette lærarposisjonen handlar om. Vi er fyrstelinje i dette prosjektet som er minst to tusen år gamalt. Utan lærarlivskvalitet er eg redd det kan stanse her.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top