Frå kafébord til kateter

Frå kafébord til kateter – om betydninga av å utvikle eit profesjonsfagleg språk i lærarutdanning og lærarliv

Legen såg på meg og sa: det er ikkje en allergi, det er en bivirkning. Det er viktig å holde orden på forskjellen. – Ja, sa eg, og kjende meg dum. Eg visste jo at han hadde heilt rett. Han hadde spurt meg om eg var allergisk mot noko antibiotika i samband med ein komande kneoperasjon. Eg hadde svara ja – det var eit par typar eg ikkje tolte…

Profesjonskunst

Og så eg då. Som ustoppeleg masar på lærarstudentane om kor vesentleg det er å utvikle eit profesjonsfagleg språk. Som til og med brukar nettopp denne og andre legars språk som døme for å illustrere behovet dei har for tilgang til ein presis og nyansert omgrepsbank. Ein bank som skal halde dei med tilstrekkeleg kapital til å kunne tenkje og planlegge undervisning, men ikkje minst til å kunne kommunisere det dei har tenkt og planlagt til kollegaer og føresette. Ikkje minst det siste. Ikkje minst det siste. For kva handlar det om? Det handlar om tillit. Tillit til at den andre har den kunnskapen du er avhengig av at han har for at han skal vite kva han gjer. Slik kunnskap teiknar seg i språket. Legar, tannlegar, statsvitarar, sosiologar, psykologar, sjukepleiarar – og mange andre profesjonsutøvarar har tilgang kunnskap som vert reflektert i språket. Og dei kompetente fagfolka klarer å omsette fagspråket til eit kvardagsspråk på kafénivå og gjer med det innhaldet tilgjengeleg for meg som står på utsida av denne faglege fellesskapen. Det komplekse blir gjort enkelt nok til at eg forstår utan at innhaldet går tapt. Det er stor kunst. Når du kjem som pasient til legen vil du helst ha ein lege som gjennom språket viser deg at han både er på innsida av medisinen, samstundes som han er på di side. Han skulle kunne forstå alt det uforståelege og samstundes formidle innhaldet i det uforståelege til deg. Då vinn han din tillit.

Språkets livbergande kraft

Eg møtte ein slik lege ein gong for lenge sidan. Hans presise kunnskap om ein kompleks sjukdom ga han høve til å forenkle innhaldet. Hans enkle forklaring viste meg at han var på innsida, samstundes som han var på mi side. Han tok ansvar for forenklinga – eg slapp å leite etter måtar å fortolke det umulege på. Eg kjende meg trygg fordi alt var avklart så langt råd var. Han leia og forvalta kunnskap om min tilstand meisterleg gjennom å omsette eit presist og nyansert profesjonsfagleg språk til eit innhald eg kunne begripe. Han avklarte eit muleg vanskeleg liv og ga meg verdigheit fordi eg kunne meistre vanskane som hadde kome til å slå seg ned i livet mitt for godt. Var han ein middels profesjonsutøvar kunne han like gjerne ha skapt angst og kaos. Og mi bane hadde blitt ei anna.

Læraren; kaffe-latte-venn eller ein kompetent undervisar?

Kvifor skulle så dette vere annleis for lærarar? Så langt i det norske lærarlivet har vi vore opptekne av relasjonar som føresetnad for kommunikasjon. Det er viktig, for utan konstruktive relasjonar blir det smått med kunnskapsutvikling. Lærarar har vore opptekne av å vere joviale og egalitære og har lagt vinn på å utvikle det same kaféspråket som farmor brukte når ho snakka om barneoppseding. Identitet er den du er, og læring er noko som skjer av seg sjølv om ein les nok. Kanskje er tanken at kaféspråket gjer oss like, og likt er bra i dette landet. Det finst ingen andre stadar på jorda at ein kan høyre omgrepet urettferdig brukt så ofte som i det mest rettferdige landet av alle. Men det er altså eit sidespor i denne samanheng. Dagens norske lærarar er siste generasjon i ei lang rekke av lærarar som har sitt utspring i grasrota, lærarar av folket, for folket. Egalitet er ei sterk kraft i den norske skulekulturen, og vi gjer dette synleg gjennom å vere joviale og snakke eit språk som alle forstår. Ei prisverdig norm som har, nettopp, ein pris. For på den eine sida vil foreldre ha lærarar som er bestevenn, medan dei på den andre sida vil ha høgt kompetente undervisarar. Det er muleg det er eit kunststykke som let seg sameine. Det er i så fall stor balansekunst.

Eg tenkjer at vi må velje. Eg kan ikkje leve med at mine studentar ikkje flyttar seg ut av dialogkaféen. Framtidige lærarar skal snakke til foreldre gjennom eit presist og nyansert omgrepsapparat som viser at dei veit nøyaktig kvar skalpellen skal setjast i dei operative inngrep lærarar faktisk gjer i barns liv. Når morgondagens lærar opnar barnets hjerne ved hjelp av skarpe forteljingar skal ho ha utvikla ein kirurgs presisjon i aktiviteten ho driv gjennom. Ho skal vite nøyaktig kva ho gjer til ei kvar tid. Læraren skal kunne fortelje foreldre om kognisjon, om læringsstrategiar som stimulerer kognitiv utvikling. Ho skal kunne vise foreldre at kognisjon handlar om evne til å ta imot og bearbeide informasjon, om å reprodusere, rekontekstualisere, analysere og vurdere informasjon. Ho skal vise foreldre at den grunnleggande føresetnaden for å gjere dette er å gi ungane tilgang til eit like presist og nyansert språk som ho sjølv har. Og at det tek tid å utvikle dette. Tolmod er ei dygd.

Morgondagens lærar skal med stor autoritet og dele-glede vise foreldre at progresjon handlar om å utvikle føresetnadar for læring. Den gode lærar skal gjennom erfaring kunne reflektere over kognitiv utvikling og gjennom sitt arbeide søke å kartlegge dei mange læreprosessane og dens vilkår. Den gode lærar driv sitt eige observatorium og testar korleis slike kontinuerlege prosessar kan brytast ned i ei vilkårskjede som kan sidan kan rullast ut, del for del. Ho må vise dei føresette at å snakke om læring krev nøyaktigheit, presisjon og nyansering langt utover farmors kvardagsspråk om barneoppseding og læring. Læraren må kunne dele sine kunnskap om korleis barn ved hennar hjelp lærer å observere, reprodusere, analysere og vurdere informasjon. Det krev kunnskap om hjernen som organ og hjernen i kontekst. Om samspelet mellom emosjonar og tenking, om tenking og språk. Som i sum er nokre av byggjesteinane i ein liten kropp i eit unikt liv.

All undervisning er kopla til eksistensielle spørsmål

Lærarens skal vite kva som skil og sameinar pedagogiske og didaktiske inngangar, og korleis samfunnsfagdidaktikk, didaktikk og pedagogikk heng saman med pedagogisk filosofi og filosofi. For Hegel lærte oss om anerkjenningas dialektikk – skulemenneske som han var. I lærargjerninga må du anerkjenne for å bli anerkjent, for utan tillit oppnår du ingenting. All undervisning er forankra i filosofiske spørsmål, all undervisning handlar i botnen om eksistensielle spørsmål. Å kunne lese og rekne er eit spørsmål om eksistens. Å kunne forstå verda som den vesle kroppen bur i er også eit eksistensielt spørsmål. Born treng eit språk som er dekkjande for å kunne observere og skildre det han er omgitt av. Han treng eit språk som systematiserer og strukturerer inntrykka. Han treng eit språk for å kunne anvende denne informasjonen til noko som er gyldig i hans liv. Han treng språket for å kunne vurdere i kva grad det han har observert er gyldig for HAN. Lærarens oppgåve er med dette sagt å stimulere til utvikling av eit presist og adekvat språk.

Hjernekirugi og kodelås

På operasjonsstova ligg reiskapane til operatøren som skal operasjonalisere denne inngripen i barnets framtid. Reiskapane er didaktikken – som er presis og nyansert. I samfunnsfagdidaktikk handlar det om å observere presisjonsnivået i språket som ofte reflekterer informasjonsmengd kopla til eit spesifikt tema. Læraren samlar denne informasjonen ved å stille spørsmål og lytte, munnleg eller skriftleg, før ho legg ein plan for arbeidet. Kva er målet, kva reiskap skal brukast, kor lang tid vil det ta, korleis skal resultatet dokumenterast. Læraren erfarer at det vil ta tid å gjere arbeidet tilfredsstillande. Det tek tid å utvikle ein språkbank. Ho veit at ho må vere tolmodig. Ho veit at ho må vere systematisk. Det er som når barn lærere å sykle, eller å symje eller å lese. Om att og om att. Så kan dei fare vidt når koden ein gong er knekt. Dette er det grunnleggande ein må erkjenne om menneskets eve til å lære: små steg om gangen, om att og om att – så, når koden er knekt – kan det reise vidt, og vere fri, fordi det kan tenkje og dermed ta ansvar for seg sjølv og eigne handlingar.

Kokongen

Det er dette lærarar skal kunne formidle noko om på foreldremøtet. Ved kateteret. Det er dette morgondagens lærarar ikkje skal ta for gitt at kollegaane deira har eit språk om. Kunnskapen har dei så visst – men språket som ville gjere det muleg for dei å dele nett denne erfaringa med ein fersk og nyutdanna lærar, har dei så visst ikkje.

Derfor må morgondagens lærar øve seg på dette. Utvikle språkkompetansen som skildrar korleis ho i ein læringskontekst skal operasjonalisere det vi så veldig godt veit og har visst så lenge, om læring, livet og fridom.

Dersom morgondagens lærar på klasseforeldremøtet med presisjon kan snakke om arbeidet som operatør vil grunnlaget for tillit i større grad kunne leggast, og kokongen som barnet skal ligge i før han blir borgar er utan piggtråd.

Foreldre skal kome til skulen å kunne få slike korrektiv som eg fekk av legen den førre dagen. Foreldre skal forstå at lærarens kunne er spesialisert og retta mot eit oppdrag som handlar om å gi barn livsglede i ein dimensjon dei snart skal ut av. Eit tydeleg profesjonsspråk vitnar om presis kunnskap og reflekterer ferdigheiter i undervisning. Profesjonsfagleg språk er fyrst og fremst lærarens viktigaste reiskap for å planlegge og handle – men det er også heilt nødvendig for å bli anerkjent og få nødvendig tillit til å gjennomføre arbeidet. Eg ville aldri ha latt meg operere av ein lege som ikkje visste skilnaden på medisinsk allergi og ein biverknad. Det byrjar med språket. Det held fram med språket. Det profesjonsfaglege språket.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top