I min analoge lærarlogg kan eg bla meg gjennom augneblinkar av liv og lagnad. Dagen eg støytte på i dag var prega av timeplanen – inntil «respect» plutseleg braut seg inn i den disiplinfaglege monotonien.
12.november 1994
Nokre dagar. I dag var ein sånn dag. Eg har visste det ei vekes tid. Ein elev i mi klasse vert mobba. Av ein annan elev som eg har eit godt forhold til. Varsemd. Eg sa til henne at eg ville snakke med henne – kanskje i dag, kanskje måndag. Ho skulle få tid til å tenkje seg om. Eg henta henne i dag. Eg hadde knapt late att døra. Då kom det. – Veit kva det gjeld, seier ho. -Å? kva gjeld det då? – At eg mobbar Sølvi. – Så det er altså henne, seier eg. Eg visste det var ein av mine. Vi får sjå. Konrad (inspektøren) ville snakke med deg.
Eg blir vitne til eit politiavhøyr og eit raseriutbrot som opptakt til ein “dimensjons”konflikt. Eg kjennar hennar type. Umoden og ofte borti plenty av bråk… Då må du ha høgt presisjonsnivå i det du legg fram saken. Er du urettvis flyttar eleven fokus med ein gong, og konflikten er eit faktum. Begge gjekk i fella. Begge gjekk i forsvar.
Eg fekk omsider gjennomslag. Forklaringa? Ho ville ha respekt. Eg såg på ho ei stund. – Eg veit at du respekterer meg, sa eg og såg på henne. Kvifor gjer du det? – Fordi du har alltid vore snill mot meg, seier ho. – Korleis vil du då skaffe deg respekt ved å terrorisere andre, undra eg. Ho undra ho og. Vi gjekk frå inspektørkontoret og fann ein annan stad å avslutte. Ho ba om ein forlatelse eg ikkje kan gje ho. Vi gjorde avtaler. Tysdag. Eg er spent på kor djupt ho ynskjer tilgjeving. Svaret får eg tysdag, anten i for- eller bakkant. Eg likar denne jenta. Ho har eit kjempetroll å temme…
4. januar 2022
Eg hugsar denne hendinga ved hjelp av teksten. Det gjekk fint med jenta – begge jentene. Det vart slutt på mobbinga. Ved hjelp av tolmod og opne samtaler der jenta fekk kome i posisjon til å tenkje utan å måtte forsvare seg. Utan å bli definert. Men ho vart ikkje friteken frå ansvaret. Eg ga henne ikkje tilgjeving. Ho skjøna at det ikkje var opp til meg. Den måtte ho hente der skaden hadde skjedd. Ho gjorde det.
Eg lærte mykje om frykt i denne situasjonen. Jenta, som var ny i klassen, verna seg ved å vise at ho var modig og handlekraftig. Slik hadde ho lært å overleve i verda. I den konteksten ho kom frå. Det var mi oppgåve å hjelpe henne med å forstå at ny kontekst betydde nye mulegheiter. Ho måtte redefinere konteksten og leite etter mulegheiter til å skape seg grunnlag for å endre posisjon. Ho kunne slik få tilgang til andre perspektiv enn dei ho alt kjende til. Det var også m oppgåve å utfordre henne på å leite fram eit større register av eigenskapar som ho kunne aktivere. Då måtte eg ha kunnskap om eigenskapar – og tid til å formidle denne kunnskapen. Vi brukte tid på finne ut kvifor det var eit poeng å kjenne ulike sider ved seg sjølv, ho fekk tid til å utforske kven ho kunne og ville vere. Ikkje gjort på fem minutt.
Kanskje kan studentane mine lære noko om at det ikkje berre er tekstar i pensumlitteraturen deira som handlar om posisjon, perspektiv, kontekst, rekonstekstualisering? At sjølve livet som vi lever har dei same mulege utsiktspunkta? At vi kan nærme oss våre eigne liv ved å studere forteljingane om oss sjølve i lys av omgrep som posisjon, perspektiv, kontekst? Mon det. At også vi har eit stort register av eigenskapar som vi kan mobilisere og aktivere i ulike kontekstar? At fellesskap er ein nødvendig føresetnad for oppseding. Korleis vert fellesskap skapt? Kva er premissane?