Lærarloggen

– ein blogg om læring

Når barn blir ein framtidsmarknad

Eg er så trøytt på alle aktørane som gjennom sine særinteresser lagar undervisningsopplegg som dei tilbyr skulen. Eg er så lei av interesseorganisasjonar og andre profitørar som finn sin marknad i skulegarden. Eg er så oppgitt over alle oss som sjeldan protesterer!

Sei unnskyld, Kristin Clemet!

Under kongsmiddagen på Slottet denne veka skildra Mashud Gharakani så vakkert for oss korleis våre parlamentarikarar evnar å akseptere valnederlag uttrykt gjennom klemmar og ein jovial tone. Det er fint. Vi har også erfart at dei har lært å seie unnskyld.

Ei forskingsreise til Porto

Mange års avhandlingsarbeid vart avslutta i fjor vår. -Så godt det må vere å vere ferdig, kommenterte velmeinande vener. Jau, for så vidt – men eit omfattande arbeid er i grunnen starten meir enn slutten. Ei avhandling har mange trådar som det både kan og bør nøstast vidare i, slik også med min. Som handla om klippfisk. Ein studie som bidreg til å forklare kvifor vår region både vart velståande og dominerande innanfor maritime næringar.

Skulelivsmeistring; lærevanskar i den norske lærarutdanninga?

I lærarutdanninga har pedagogikken ei slagside som  går på bekostning av didaktikken. Denne ubalansen fører til at lærarstudentar alt for ofte og i alt for stor grad grunngjev arbeidsmåtar som stimulerer tenking og empati med pedagogisk relasjonsteori. Studentane utviklar ein lærarpraksis som har stort fokus på å bygge relasjon og skape tillit – utan at dei når det overordna nivået som er å skjøne samanhengen mellom kunnskap, tenking og danning.

Villa Retiro og fremtiden – sett frå Sunnmøre

I eit innlegg i RB 7. mai argumenterer Leif Sverre Hoel for at Molde kommune bør takke ja til tilbodet frå Molde Fotball Klubb om å utvikle parken til fotballanlegg, i det minste for å få tilbakeført bustaden til kristiansundskjøpmannen Christian Johnsen til sin opphavelege stand.

Scroll to top